Om SØK AS
Selskapets føremål er å forvalta aksjar i Haugaland Kraft AS til beste for aksjonærane. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Haugaland Kraft AS og Skånevik Ølen Kraftlag SA i 2017.
Skånevik Ølen Kraftlag AS eig 3,82 % i Haugaland Kraft AS.
I omdanningsprosessen blei det vist til at SØK skal nytta eigarskapet i HK AS til å:
1. Bidra til sikker og moderne forsyning av energi i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.
2. Bidra til breibandutbygging i konsesjonsområdet
3. Leggja til rette for bygde- og næringsutvikling i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.
4. Støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.
Etter omdanninga i 2021 og opprettinga av SØK-stiftinga, blir punkt 3 og 4 vidareført av stiftinga.
Rammer for SØK AS - selskapsføremål, jfr. § 3 i vedtektene
«Selskapets føremål er å forvalta aksjar i Haugaland Kraft AS til beste for aksjonærane.»
Det er utarbeidd styreinstruks som regulerer styret sine arbeidsoppgåver mm. Styreleiaren har eit særleg ansvar for å sikra at styret fungerer tilfredsstillande, og at styreoppgåvene blir ivaretekne på ein best mogleg måte.
Styreleiaren har ansvaret for at det årleg, rundt årsskiftet og i god tid før Generalforsamling, blir gjennomført ein grundig vurdering av SØK sin aktivitet.
Styret i SØK AS
Noralf Matre - styreleiar
John Karsten Hustveit - nestleiar
Harald Hetland - styremedlem
Ståle Jordal - styremedlem
Linda Bøthun - styremedlem
Anja Hauge Christiansen - varamedlem (fast møtande)
Torleif Heggebø - varamedlem
Konsesjonsområdet per 1.1.17. bestod av:
Bjoa, Skånevik, Vikebygd, Ølen, Ølensvåg og Åkrafjorden