Aksjar

Aksjar i Skånevik Ølen Kraftlag AS

Ny informasjon om skattemessig formuesverdi og inngangsverdi av SØK-aksjar 

Me har fått mange spørsmål om skattemessig formuesverdi og om korleis prinsippet om skattemessig kontinuitet slår ut for gevinst- og tapsutrekning ved overdraging av SØK-aksjar.  Me har førelagt spørsmålet for ekspertar, men ikkje bedt skattekontoret om bindande førehandsuttale (BFU).  Etter denne runden oppdaterer me informasjonen til aksjeeigarane, og den inneheld både endringar og presiseringar. Me ber alle aksjonærar om å merka seg denne nye informasjonen og sjå bort frå deler av tidlegare informasjon som bygde på ei anna forståing av reglane for skattemessig kontinuitet.     
 
  «Skatteregler for omdanning av Samvirkeforetak»

«Ved skattefri omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap skal samlet inngangsverdi og ervervstidspunkt for aksjer settes lik samlet inngangsverdi og ervervstidspunkt for eierandeler mv. i det overdragende selskapet, jf. FSFIN § 11-20-6 annet ledd. Det er da innbetalt medlemsinnskudd som vil utgjøre skattemessig inngangsverdi/kostpris på de aksjer som mottas ifm. omdannelsen.  Virkelig verdi av netto eiendeler i SØK ved omdannelsen (MNOK 254,7) vil ikke overføres til aksjonærene. Det samme gjelder regnskapsmessig egenkapital ved omdannelsen.»
 
Skattemessig Formuesverdi av SØK-aksjar
Formuesverdien av aksjar i SØK AS pr 1. januar 2018 er førebels utrekna til NOK 0,84 per aksje. Det er denne verdien per aksje som skal takast med som formuesverdi i den einskilde aksjeeigaren si skattemelding for 2018. For inntektsåret 2017 var aksjeverdien fastsett til NOK 1,38 per aksje, slik at formuesverdien for 2018 ser ut til å bli langt lågare. Formuesverdien blir rekna ut frå dei skattemessige reglane for verdsetting, kor verdien av SØK sine aksjar i Haugaland Kraft AS utgjer det alt vesentlege av verdien. Formuesverdi av aksjane blir rekna ut frå dei underliggjande formuesverdiane og har ingen direkte kopling til rekneskapsmessig eigenkapital eller skattemessig inngangsverdi på den einskilde aksjeeigaren si hand. 
 
Skattemessig kontinuitet for aksjeeigarar og for SØK AS 
For aksjeeigarar inneber skattemessig kontinuitet at medlemer i SØK SA ikkje vart skattlagd då dei vederlagsfritt fekk aksjar i SØK AS i samband med omdanninga. Det beløpet som kvart medlem har innbetalt som medlemsinnskot i SØK SA vart i staden ført vidare som skattemessig kostpris på dei aksjane medlemma fekk i SØK AS. Skattemessig kostpris vil inngå i gevinstutrekninga viss aksjeeigar i framtida gjennomfører sal av aksjane. Ved ei aksjeoverdraging vil det dermed ikkje oppstå skattemessig tap/gevinst ut frå den verdien aksjen hadde på tildelingstidspunktet, og heller ikkje ut frå den skattemessige formuesverdien. Det er innbetalt medlemsandel i gamle SØK SA som utgjer inngangsverdien som saman med evt. justeringsfaktorar tel med ved utrekning av skattepliktig tap eller gevinst.
 
For selskapet var verknaden av skattemessig kontinuitet at meirverdiar i SØK SA ikkje vart skattlagt ved omdanninga til SØK AS. 
 

Eigarkrav SØK-aksjonærar

Dersom ein SØK-aksjonær flyttar til utlandet vil vedkommande framleis ha alle eigarrettigheitar for sine SØK-aksjar. 
 

Til aksjonærar som ynskjer å overdra/ selja aksjar i SØK AS

Aksjane i SØK AS kan bli omsett ved sal, dei kan bli gitt bort som gåve eller arv mm. Aksjane er fritt omsetjelege.

Aksjane i SØK AS er registrert i VPS, og det er DNB som er SØK AS sin kontoførar. Dersom nokon ynskjer å overdra aksjar, vil følgjande framgangsmåte gjelda:

1. Aksjonær som vil selja eller overdra aksjar, må kontakta SØK AS skriftleg om overføringa, sende melding til post@sok.no eller per post til SØK AS. Melding om overdraging må innehalda:
   - Aksjonæren sitt namn
   - Aksjonæren sin VPS konto
   - Tal aksjar og kurs/ verdi på aksjane
   - Ervervar sitt namn og VPS konto

Dersom det er dødsbu treng me i tillegg skifteattest og eventuelle fullmakter.

2. Melding om aksjeoverdraginga går til styret i SØK AS for godkjenning.

3. Styregodkjenning
   - Aksjane er fritt omsettelege og det er heller ingen krav til bustadadresse slik det var fram til 30.8.2021.
   - Etter at styret i SØK AS har godkjent overdraginga, vil styret gi melding til DNB.

4. DNB tar kontakt med den banken som er aksjonæren sin kontoførar, og sender melding om overdraginga til dei.

5. DNB vil deretter opna SØK AS si aksjebok, og overføra dei aktuelle til ervervar. Når overføringa er gjennomført vil systemet igjen bli lukka for omsetjing.

6. Både tidlegare og ny aksjonær vil i etterkant få melding frå VPS om overføringa.